
Folk i Moelv er vane med litt av kvart, men det var eit sjokkerande syn som møtte tilfeldig forbipasserande i Storgata fredag kveld. Fleire vart merksame på ein mann som "oppførte seg usømeleg".
- Eg vart sjokkert, seier ei kvinne. - Mannen var jo naken under frakken. Sett slikt tull!
To gutar i skulealderen la òg merke til det som skjedde, og tok bilete med mobilen.
- Eg tykkjer det var litt spanande, fortel Anders (13).
- Ja, held Knut (12) fram. - Det er ikkje kvar dag me har Classic Style Blottarar i Moelv.
Politiet vart raskt varsla, men mannen var sporlaust vekke då dei kom til staden. Dei har no sett i gang etterforsking av saka, men reknar eigentleg ikkje med å ta gjerningsmannen.
Foto: Knut