laurdag, september 17

høgkarbodietten!

Guro, Silje og Ida direkte inne frå Bergen, kor me nyt "skal vi danse" akkompagnert med den nye trenden: høgkarbodietten! Trykkjer i oss potetgull og french fries, som me skyljer ned med søt vin. Riondo PinK og Michael Schenkenschneider (veldig vanskeleg å skriva no) OG sprudlande Jaqueline. Og Guro si nye saft, med pasjonsfrukt og appelsin.

- Men det er ein sopp oppi vinen, seier Silje.

Bilete kjem!

Xoxo

tysdag, juni 7

trugsmål

eg mimre i nokon gamle e-post-mapper, hovudsakleg på leit etter den valdsame friviljuge diktproduksjonen frå gymnaset. fann lite av det, men eg fann følgjande som eg har sendt Maritn etter at ho har sendt meg kjedemail:

du veit da e florian so produsere desse mailane sant? du veit da va dominerandes rose-effekta på den forrige mailen sant? du veit at han kjem te å komma opp te deg i natt og stikka langstilka rose inn i halsen din og dansa rundt senge di, fø da du oppmuntra han te da ved å senda den mailen te oss?

fy, for ein lagnad! det var jo ikkje so snilt. men det er jo sant, då. klart Florian stod bak.