tysdag, mars 3

ida sin alpetur

eg har vore på vinterferie med slekte! me reiste til alpane, til ski- og spastaden Bad Gastein, for å feira mamma sin 50-årsdag, og det var überkjekt! vêret sleit me litt med då, fyrst var det slik:

her har eg tatt eit bilete ut or glaset i skiheisen. seks personar køyrde saman i små "dinglo-og-danglo"-egg opp. det var fleire slike heisar. me måtte setta ski og brett på UTSIDA av heisen, og det var eit stressmoment i starten. dei datt faktisk aldri av, og eg observerte ikkje at det skjedde med andre heller. sjukt. det såg utrygt ut!

brørne og eg sleit litt med sengene òg. skapsenger som me bretta opp på dagtid. bretten, rett nedanfor puta, var heilt sjukt irriterande, men det gjekk fint når me snudde oss andre vegen.

her er pål i eit heisegg, på veg ned. me lauga oss i bassenget de kan sjå i midten av biletet. det er radonhaldig vulkanvatn som er naturleg oppvarma, så oppvarma at det må kjølast ned før det kjem i bassenget. i austerrike trur dei radon er helsebringande. eg trur ikkje det. eg fekk kjempedårleg hud etterpå, men det kan jo vera frå klor òg...

denne delen av reisefylgjet får ein klart best bilete av dersom ein nyttar skjult kamera. det er difor dei verkar lite medvitne på fotografen. i dei neste seks bileta er dei i overkant medvitne på fotografen, les "ånsing", og desse er difor ikkje publiserte. her et me lunsj på ei harry hytte med veldig høg ompa-musikk og innandørs røykjing.

ein morgon var det plutseleg sol. det varte i ein og ein halv dag. her er utsikta frå rommet. alle bygningar i biletet, pluss to til, høyrer til hotellet, og sidan dei opphaveleg var individuelle hus, er dei knytt saman med mindre vakre glasbruer. det er ei mellom den gule bygningen med flagg og det kvite huset midt i biletet.

her er bursdagsmoræ i eit heisegg, godt nøgd med vêr og utsikt.

me et lunsj på 2300m* eller noko slikt. over skyene!
*me BUDDE like høgt som lønahorgi.


"jesusljos" i ein utepils. i austerrike får ein kjøpt både øl og schnaps i skibakken.
det er litt sjukt.



den øvste heisen såg ut som noko frå flåklypa. frå denne heisen kunne me ta ei løypa på 14 km. det gjorde me. då måtte me ta tog (sånn som fløibanen) og ein buss (enorm gondol med plass til 80 folk. veldig skummel.) for å komma oppatt.


høg hjelmfaktor. hjelm er kult. skjønar ikkje at eg torde å skri utan før. eller fekk lov, for den del!

Bad Gastein at night. litt ymse hotell, og veldig bratt.

1 kommentar:

Unknown sa...

eg vil også på ferie! og gjerne til ein stad med spa-hotell!