laurdag, oktober 23

'Mat med Guro' del I

Guro har kome seg i fast arbeid, noko som fører til at ho har a) peng og b) fri om ettermiddagane. Slikt vert det middagsbesøk av! Opptil fleire! Og det lyt sjølvsagt dokumenterast på Kaaaten. Her er del I:

Blåskjel-kvelden


Guro sjekkar om det er liv i kjelden. Det skal det syna seg at det er, sjølv om ho meinte desse skjela strauk med etter eit stygt fall på veg heim. Difor hadde Guroen investert i to kilo til. So sat me der då, med ein kilo skjel til kvar.

....og utan snøring på korleis dette skulle lagast til. Her konsulterer me både smårutete og andre kjelder, på leit etter svar.

Husmora Guro Berge har orden i sysakene! Og på kjøkenet.


Her har me funne svar: surr lauk i ein kjele, og legg blåskjela oppå. Verre er det ikkje!

I tillegg til å ha orden i sysakene, og på kjøkenet, har Guro ein del ting ho ikkje treng/angrar på at ho har kjøpt. Her med eit utval: bolepulver som smakar drit, og jerntilskot i brusetablettform, som også smakar drit.

Gøyma da i skape att!
Det ser bra ut! Godt var det òg. Dessutan vart det opptil fleire middagar for ein fattig student (eg), som fekk med seg restar heim!

Freistar å ta bilete av gryta......

Nam nam! Takk fø lagje og maten!


Ingen kommentarer: