Serien 'Mat med Guro' held fram med haustens storhending:
seriøs smalahoveutskeiing på ein tysdag
Det vert fullt på komfyren når fire hovud, samt tilsvarande mengd med poteter og nepestappa skal kokast!
Guroen i kjent stil!
Vertane fiskar etter godsakjene.
Vertinna er snar i vendinga.
Franskmannen inspiserer. Storleiken på stappe-bollen er kan henda endå meir imponerande enn synet av åtte halve hovud på rekkje og rad. Elles er det nok smalafeitt som er skuld i dei noko uskarpe bileta... eller akevitten.
Lukkelege smalahovegjester!
Pierre er....litt skeptisk? Men han tykte det var det mest eksotiske han hadde ete i heile sitt liv.
Her er eg forsynt (merk tallerken fremst), me har ete oss langt ned i stappe-bollen (nedst i venstre hjørne), og drukke oss langt ned i akevittflaska (til venstre for raud hansaboks). Det er rett før me skal spretta det utyskjet av ei italiensk akevittflaske som står attmed raskfatet.
Dei fransktalande, i særs kledeleg ufokus.
Silje et reint. Konsentrert arbeid.
...før det ikkje-etterlengta gjensynet med ein gamal kjenning: FROST.
Det var eigentleg ikkje so gale som me hugsa. Matcha neglelakken gjorde han òg!
Janeida. Her ser det ut til at me har byrja på grappaen, jamfør glasa med noko gjennomsiktig i. Grappa var ikkje godt, og forklarer det meste. Takk for ein kjempebra kveld, dekan!
~ Ida
1 kommentar:
haha, eg elskar det siste biletet!
Legg inn en kommentar