laurdag, oktober 23

'Mat med Guro' del II

I serien 'Mat med Guro' kjem her nokre glimt frå

Krabbekvelden


Ein kveld meldte Guro at ho trong nokon til hjelpa seg å eta opp all krabben ho hadde fenge på jobb. Ho hadde bestilt tre fylte krabbeskjel og fått åtte. I tillegg fekk ho desse kongekrabbeklørne. Ein bonus ho er særs nøgd med, som de ser. (Dette er nok teikn på at folka på jobben til Guro allereie kjenner ho ganske godt. "Vi har nåkke helt ubrukelig av et krabbe-best nede på kjølen. Ka gjør vi med det?")

Sjå her ja! Ein pose med snacks, og om lag 1/4 ubeist. Begge delar var veldig godt. Kongekrabben måtte me bruka saks på, det var skikkeleg tøft.

~ Ida




Ingen kommentarer: